Anton Eidesviks Minnefond

"YOU`LL NEVER WALK ALONE"

VÅR ANTON

Anton døydde 23.desember 2023. Han hadde ein medfødd hjartesjukdom (hypotrofisk kardiomyopati), men dødsfallet var likevel svært uventa. Anton har alltid levd godt med sjukdommen sin, sjølv om me har visst at dette kunne skje. 

Me bestemte oss ganske fort at me ikkje ynskja blomar til heimen, heller ei gåve til Anton Eidesviks Minnefond. Hensikten med minnefondet er at me kvart år den 12.januar (Anton sin bursdag), skal gi eit bidrag til ulike formål. Første bidrag fra minnefondet blir 12.januar 2025, og i tida framover skal me gjere det me kan for å få minnefondet til å vekse. Me er takknemlige for alle bidrag me har fått til no, og for framtidige bidrag.


Hilsen Bertha, Lars Anton, Emil og Madeleine


Anton var ein sosial og sjarmerande gut som elska fotball, Liverpool og Fifa. Han var livsglad og nysgjerrig på livet, hadde mange venner og var alltid i godt humør. Han gjekk ikkje av vegen for ein god diskusjon og kunne sette dei fleste fast med sine meir eller mindre gode argumenter. Han hadde glimt i auga, og tok gjerne imot ein klem. Anton Eidesviks Minnefond skal brukast til formål som for eksempel forskning, gåver til barneavdelingar ved ulike sykehus, støtte til lokale idrettslag, innkjøp av hjartestartarar og liknande. 

  • Ynskjer du å gi ei gåve til minnefondet? Bruk konto 3626. 61.77792 eller vipps til 959889. 
  • Ynskjer du å søkje om støtte? Send mail til berthaeidesvik@hotmail.com der du skriv kva du ynskjer støtte til og  kvifor. Søknadsfristen er 1.oktober kvart år, ikkje nøl med å send oss din søknad. Ingenting er for lite eller stort, og det er lov å komme med kreative søknadar.
  • Alle søknadar blir behandla konfidensielt

Det er mange som engasjerer seg i arbeid knytta til minnefondet. Familie og venner har på eige initiativ laga armbånd, kort, auksjonert bort bilder og arrangert kafè. På julemessa i desember 2024 og 2025 blei det solgt strikkeprodukter for nesten kr. 50 000,-, som gjekk uavkorta til minnefondet. Fleire har bidratt til strikkeprodukter av ulike slag:  Britt Jane Hansen, Linda Kallevåg, Stine Olson Lodden, Hilda Vold, Signe Dørheim, Britt Anne Kallevåg, Ellen Vold. TUSEN TAKK.

I juli 2025 deltok  John Petter Strand, Jonas Hilt Stoknes og Lars Anton på maraton i Sveits, der alle som sponsa fekk navnet sitt på t-skjorta dei sprang i. Sponsorinntektene vart tilslutt kr 70 000,- og gjekk uavkorta til minnefondet. 


Kontakt

Anton Eidesviks Minnefond
Sundtasjøvegen 21, 5443 Bømlo

E-post
berthaeidesvik@hotmail.com

Telefonnummer
47374997